Logistikk

Antifreeze_in_the_radiator.jpg
Varelager
Foto: T. Soldal

Skattemessig vurdering

Skatteverdien av varebehaldninga er den same som innkjøpsverdien. Ukurante varer verkar ikke inn på skatteverdien. Verdien av dei ukurante varene kan vi først trekkje frå når varene blir selde eller vi kvittar oss med dei på annan måte.

Rekneskapsmessig vurdering

Vi bruker prinsippet om «lågaste verdi», det vil seie at vi vurderer verdien av varelageret til den lågaste verdien av innkjøpskost eller verkeleg verdi. Vi trekkjer frå rabattar o.l. Den verkelege verdien er salsverdien etter frådrag for salskostnader (netto salsverdi).

Skattemessig og rekneskapsmessig vurdering av ukurante varer kan vere ulike. For å kunne setje rett verdi, må både innkjøpskost og eventuell lågare verkelig verdi gå klart fram av lagerlistene.