Logistikk

Antifreeze_in_the_radiator.jpg
Kor er den produsert?
Foto: Wikimedia Commons

Volkswagen og Audi kjem frå Tyskland. Nissan og Toyota er japanske. Peugeot er fransk. Men når vi ser på kor bilane faktisk blir produserte, kan det vere duka for overraskingar. Visste du for eksempel at tusenvis av bilar med norske skilt er bygde i Tyrkia eller Belgia?

Her ser vi nærare på nokre av merka og modellane som er mellom dei mest populære i Noreg. Legg merke til at mange modellar produserte på fabrikkar i fleire land samstundes, og at alle land ikkje alltid er tekne med.

VW

Tyske Volkswagen er eitt av dei mest selde personbilmerka i Noreg. Salgssuksessane Golf (kombikupé), alle versjonar av Passat, folke-SUV-en Tiguan og fleirbruksbilen Touran blir bygdi i heimlandet.

Men Golf stasjonsvogn, Jetta og New Beetle blir produserte i Mexico, og Polo blir laga i Spania og Belgia. Frå Portugal kjem fleirbruksbilen Sharan, kabrioleten EOS og "sports-Golfen" Scirocco. Stor-SUV-en Touareg blir sett saman i Slovenia.

Toyota

Japanske Toyota er også mellom dei mest selde personbilmerka i Noreg. Av modellane som blir selde i Noreg, er mange bygde i Europa. Familiebilen Avensis kjem frå England. Kompaktbilen Auris blir montert både i England og Tyrkia, og frå Tyrkia kjem også fleirbruksbilen Verso. Yaris-fabrikken ligg i Frankrike, medan vesle Aygo blir bygd på ein fabrikk i Tsjekkia saman med Peugeot 107 og Citroën C1.

Antifreeze_in_the_radiator.jpg
Frå Toyotafabrikken i Ohiro, Japan
Foto: Wikimedia Commons, Bertel Schmitt

Ford

Ford er amerikansk, og mange trur at Ford som blir selde i Noreg, er tyske. Men dei kan like gjerne komme frå andre land. Mondeo, S-Max og Galaxy blir monterte i Belgia. Ka blir bygd i Polen (på same fabrikk som Fiat 500), medan Focus blir produsert både i Tyskland og Spania. C-Max, Kuga og Fiesta kjem til Noreg frå Tyskland. Ford S-Max er en glimrande familiebil, men den er ikkje skrudd saman i Tyskland.

Volvo

Volvo byggjer bilar i Sverige og i Belgia. Det verkar ikkje alltid logisk kor dei blir laga. S60 og V60 er same bil i sedan- og stasjonsvognform. Men S60 blir bygd i Belgia, V60 i Sverige. Dei kompakte Volvoane (C30, S40, V50 og XC60) kjem frå Belgia, medan svenskane sjølv set saman dei store modellane (V70, S80, XC70 og XC90 samt C70).

Peugeot

Peugeot byggjer dei fleste personbilane i Frankrike, men nokre modellar kjem frå Spania, Tsjekkia og Slovenia.

Audi

Audi er eit tysk merke. Men SUV-en Q7 blir sett saman i Slovenia, og TT og A3 kabriolet i Ungarn. A3 Sportback og vesle A1 blir monterte av belgiske arbeidarar.

Skoda

Skoda blir for det meste produsert i heimlandet Tsjekkia.

BMW

BMW byggjer dei store SUV-ane X5 og X6 i USA. Også X3 er ein "amerikanar".

Nissan

Nesten alle bilane frå japanske Nissan som blir selde i Noreg, kjem frå fabrikkar i England.

Mercedes

Mercedes byggjer i hovudsak "vanlege" personbilar i Tyskland, mens SUV-ane GL og ML og fleirbruksbilen R-klasse kjem frå USA.