Gjennomføring av varetelling

Ved gjennomføringa av vareteljinga må den ansvarlige vere merksam på dette:

  1. Ein skal telje alle varene (dvs. råvarer, varer under tilverking/produksjon, ferdigvarer mv.) som er innkjøpt, produsert mv. for vidaresal. Det inneber at kontorutstyr, kontorrekvisita, verktøy, driftsmateriell, reservedeler mv. som blir brukt i verksemda ikkje er varebehaldning (dvs. ikkje er innkjøpt for sal).
  2. Ein skal ikkje telje varer som er fakturert til kunden før 31.12 og som ikkje er sende eller utleverte når vareteljinga går føre seg.
  3. Ein skal telje varer som er fakturerte av leverandøren før 31.12, men som ikkje mottekne eller innleverte når vareteljinga går føre seg.
  4. Identifisering av varer som er mottekne eller utleverte i tidsrommet mellom vareoppteljing og årsavslutning 31.12.
  5. Det kan være fornuftig med kontrollteljingar av nokre varer og kontrollsummeringar av vareteljingslista for kvalitetssikring.