Først litt historikk når det gjeld innføring av setebelte:
Setebelte blei tidleg innført i passasjerfly etter mønster frå militære fly (kampfly).
Ein prøvde å innføre belte for bruk i bilar, bilbelte, i USA alt i 1930-åra. Men bilbeltebruk blei ikkje allment godteke før i slutten av 1950-åra.
Ford var den første fabrikken som hadde bilbelte som standardutstyr i USA (1957).
Den svenske bilfabrikken SAAB innførte topunkts setebelte (hoftebelte) som standardutstyr alt i 1952. Volvo var den første i Europa som leverte det langt sikrare 3-punkts bilbeltet som standardutstyr (1959).
Frå 1971 skulle alle nyregistrerte bilar i Noreg vere utstyrt med bilbelte i framseta.
Frå 1975 blei bruk av bilbelte påbode for førar og framsetepassasjer i alle bilar under 3,5 tonn, der bilbelte var montert. Frå 1979 kunne ein måtte betale gebyr for ikkje å bruke bilbelte.
Påbodet om bilbeltebruk gjaldt ikkje for køyring på avgrensa område, som parkeringsplassar og bensinstasjonar. Det var også unnatak m.a. for drosjesjåførar og postbod. Legeerklæring kunne også gi unnatak.
Frå 1984 blei det påbode at nyregistrerte bilar også skulle ha bilbelte i baksetet, og frå 1985 blei det bruksplikt.
Sikring av barn i bil blei påbode frå 1. januar 1989.
Eit anna eksempel på sikkerheitsutstyr:
Citroën LocalizedEmergency Call er eit system som er laga for å gjere ei automatisk telefonoppringing til ein naudsentral ved en kollisjon. Kollisjonssensorar registrerer når en bil har vore i ein samanstøyt.
Dersom ei ulykke blir oppdaga, sender Citroën LocalizedEmergency Call først ei SMS-melding til ein sentral. Meldinga gir nøyaktig posisjon på bilen og tidspunktet då hendinga skjedde, og de ti siste kjende posisjonene til køyretøyet for å vise køyreretninga.
Systemet etablerer deretter samband mellom bilen og naudsentralen, slik at passasjerar i bilen kan kommunisere med ein trena operatør. Dersom passasjeren(-ane) er medvitslause eller på annan måte ute av stand til å kommunisere, varslar naudsentralen straks naudetatane og gir informasjon om plasseringa av ulykka. Elles vurderer operatøren omfanget av skadar på passasjerane og avgjer om naudetatane skal varslast.