Over streken?

NHO har laga ei rettleiing for bedrifter om holdningar og praksis knytte til gåver, representasjon og utgiftsdekning for andre enn eigne tilsette. Rettleiinga er kalla «Over streken» og er meint å vere ei rettesnor for bedrifter om korleis dei skal løyse etiske dilemma. Vi tenkjer oss at bedrifta du jobbar i, ønskjer å arbeide spesielt med viktige kundar. Nedanfor har vi nemnt nokre tiltak som kan vere aktuelle for at desse kundane framleis skal bli kundar også i framtida. Du har tre alternativ når du skal vurdere om desse tiltaka er etisk akseptable eller etisk forkastelege.