Faresymbola er ein internasjonal standard som blir brukt for å opplyse om særskilde fysiske og kjemiske farar og effektar av kjemikal på helse og miljø. Symbola er piktogram som alle kan forstå, som er lette å oppfatte og lette å hugse. I Noreg skal kjemiske produkt som inneheld farlege kjemikal over en viss mengd, ha faremerking på norsk.
I 2012 blei det innført nye faresymbol. Dei finn du i tabellen nedanfor. Du vil heilt sikkert framleis finne emballasje med dei gamle faresymbola.
Faresymbol | Nemning | Faresetningar |
|
Eksplosjonsfare |
Kan eksplodere i kontakt med eld, ved støyt eller friksjon. |
|
Brannfarleg |
Brannfarlege kjemikal |
|
Gassar under trykk |
Inneheld gassar under trykk |
|
Oksiderande |
Kjemikal som ikkje sjølv treng vere brennbare, men som kan vere årsak til eller medverke til, vanlegvis ved å avgi oksygen, at andre materialar tek til å brenne. |
|
Giftig |
Akutt giftig, små mengder kan vere årsak til livsfarleg forgiftning eller død. |
|
Helsefare |
Kan føre til betennelsesreaksjon i auge, på huda og i luftvegane. Relativt små mengder kan gi kroniske skader, forgiftning eller død. |
|
Etsande |
Kan ved kontakt føre til varig skade på hud, svelg eller auge. |
|
Kronisk helsefare |
Kan vere årsak kroniske skader. |
|
Miljøfare |
Utslepp kan føre til fare for miljøet. |
Kjelde: Wikipedia