Krav til vareteljing

Krava til vareteljing, vareteljingsliste osb. er regulert i bokføringsforskriften § 6-1 og inneheld desse punkta:

  1. Vareteljingslistene må vere nummererte på førehand.
  2. Alle varene skal ha vareart, varenummer, namn, mengd og pris, og dessutan summeringskolonne der den oppgitte verdien på varen er synleg.
  3. Verdien på vara skal rekneskapsmessig vurderast til lågaste verdi av kjøpskost (dvs. innkjøpsprisar utan mva.) og verkeleg verdi (dvs. pårekna salsverdi etter omkostningar).
  4. Ukurante varer skal vere med på vareteljingslista, men det må gjerast ei vurdering av arten og omfanget av ukurans. Skattemessig verdi på varebeholdninga skal være kjøpskost slik at det ikkje blir gitt skattemessig frådrag for ukurante varer før varene er selde, kasta mv. (dvs. fysisk ute av varelageret).
  5. Vareteljingslista må summerast og underteiknast, og det må gå fram kven som har utført vareteljinga.
  6. Ved uttak av varer til eige bruk eller som anleggsmidlar i næringsverksemda, må det vere dokumentasjon på dette.
  7. Varetellingslistene kan vere manuelle eller elektroniske.