Det kan vere føremålstenleg med planlegging, tilrettelegging mv. for vareteljing, og dette kan vere utgangspunktet:
- Det må peikast ut ein person som har ansvaret for gjennomføring og organisering av vareteljinga.
- Ein må utarbeide detaljert instruks for gjennomføring av den fysiske vareteljinga.
- Tidspunktet for vareteljing må fastsetjast, og datoen må falle saman med årsavslutninga 31.12. Ved vareteljing før eller etter 31.12 må det være tilfredsstillande oppfølging av inn- og utlevering av varer. Ein må vurdere om vareteljingan skal gjerast etter stengetid, om fimaet skal stenge eller om vareteljinga skal gjerast nærmaste helge- eller fridag.
- Ein må identifisere stader der det er varer (dvs. butikk, varebil, lager eller andre lokasjonar).
- Det kan vere fornuftig med lister som er skrivne og nummererte på førehand (f.eks. nullstilling av vareteljingslistene frå året før).
- Ein må vurdere om det er aktuelt med gruppering av vareteljinga/vareteljingslistene (f.eks. ulike varegrupper med omsyn til rekneskapsorganiseringa, utrekning av bruttoforteneste mv.)
- Det kan vere fornuftig at vareteljingslistene har kolonne om tilstand for varene og at ukurante varer klart går fram av vareteljingslistene.