Bytekomponentar

 

1. Kva er fordelane med å bruke bytekomponentar i staden for nye originaldelar?

2. Nemn nokre eksempel på vanlege bytekomponentar.

Mange firma tilbyr brukte bildelar. Det er ikkje heilt det same som bytekomponentar. Brukte bildelar er henta frå bilar som er demonterte, og er vanlegvis ikkje blitt overhala. Bytekomponentane er overhala og er nesten så gode som nye. Og du må levere inn din gamle bildel når du kjøper ein bytekomponent.

Norges Biloppsamleres Forening (NBF) har laga ein eigen database for brukte bildelar. NBF-basen inneheld brukte originale bildelar som er blitt demontert ved fleire av dei største bildemonteringsbedriftene i Noreg. Originaldelane er tilgjengelelege hos bedrifter, og publikum som er spreidd over heile landet frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør. Bildemontørane registrerer bildelane lokalt, og overfører delane dagleg til NBF-basen. Forbrukarane søkjer gjennom sidene som gir direkte tilgang til alle delar i NBF-basen.

3. Søk i NBF-basen på eit bilnummer du kjenner. Finn ut nokon har brukt girkasse som passar til bilen. Skriv ned forhandlarar og prisar. Korville du bestille girkassen?